I dag har barnehagen vore på besøk på brannstasjonen. Vi har fri, men fekk invitasjon til å vera med. Dette var kjempe stas. Ungane fekk sitja i brannbilen og spyla med ekta brannslange:) Til slutt fekk dei kvar sin caps der det stod: "Husets brannsjef"
I helga har eg gått å drømt om oreokaka:) Så i dag måtte eg googla oppskrifta, og kjøpa inn det som skulle til. Skikkeleg kaloribomba, men veeeeldig god:)
Her er oppskrifta for dei som har lyst å prøva:
Du treng:
450 g oreokjeks (nesten 3 pk)
100 g smelta smør
2 pk tine naturell ost eller 1 pk philadephia
2,5 dl melis
3 dl kremfløyte
2,5 ss sukker
1 pk toro sjokolademousse
3 dl mjølk til mousse
Slik gjer du:
(Kaka lages rett på fatet. Brukar bare kanten på forma)
- 1/4 del av oreokjeksa brekkes og legges til side.
- Ta resten av kjeksa i ein pose og knus dei.
- Smelt smøret og bland kjeksa i . Hell det i forma. Trykk dette litt ned slik av bunnen blir fast og fin.
- Bland kremost og melis slik at det blir ein luftig blanding. Pisk fløyten og sukkeret til krem.. Bruk halvparten av kremen og bland med ostekremmen. (bland forsiktig)
- Smør ostemassen over oreokakebunnen og dryss over knuste bitar av den 1/4 delen av oreoane du la til side. Sett dette i 30 min i kjøleskapet.
- Mix så sjokolademoussen, (følg pakningen) og smør den oppå osteblandinga. Sett den så i kjøleskapet igjen i 1 time.
- Til slutt smør du resten av kremen oppå, og pyntar med sjokolade topping.
Ha ei fin veka!