mandag 9. november 2009

Oreokaka på ein mandag...

I dag har barnehagen vore på besøk på brannstasjonen. Vi har fri, men fekk invitasjon til å vera med. Dette var kjempe stas. Ungane fekk sitja i brannbilen og spyla med ekta brannslange:) Til slutt fekk dei kvar sin caps der det stod: "Husets brannsjef"

I helga har eg gått å drømt om oreokaka:) Så i dag måtte eg googla oppskrifta, og kjøpa inn det som skulle til. Skikkeleg kaloribomba, men veeeeldig god:)



Her er oppskrifta for dei som har lyst å prøva:

Du treng:
450 g oreokjeks (nesten 3 pk)
100 g smelta smør
2 pk tine naturell ost eller 1 pk philadephia
2,5 dl melis
3 dl kremfløyte
2,5 ss sukker
1 pk toro sjokolademousse
3 dl mjølk til mousse

Slik gjer du:
(Kaka lages rett på fatet. Brukar bare kanten på forma)
  • 1/4 del av oreokjeksa brekkes og legges til side.
  • Ta resten av kjeksa i ein pose og knus dei.
  • Smelt smøret og bland kjeksa i . Hell det i forma. Trykk dette litt ned slik av bunnen blir fast og fin.
  • Bland kremost og melis slik at det blir ein luftig blanding. Pisk fløyten og sukkeret til krem.. Bruk halvparten av kremen og bland med ostekremmen. (bland forsiktig)
  • Smør ostemassen over oreokakebunnen og dryss over knuste bitar av den 1/4 delen av oreoane du la til side. Sett dette i 30 min i kjøleskapet.
  • Mix så sjokolademoussen, (følg pakningen) og smør den oppå osteblandinga. Sett den så i kjøleskapet igjen i 1 time.
  • Til slutt smør du resten av kremen oppå, og pyntar med sjokolade topping.

Ha ei fin veka!

7 kommentarer:

  1. Flinke husmor :-)
    Såg godt ut!

    SvarSlett
  2. Oreokaka er berre knallgod. Blir ikkje gammal her i huset.

    SvarSlett
  3. Herre min hatt. Du er jammen meg flink!
    Denne skal eg jammen prøve.

    Klem Frøydis

    SvarSlett
  4. Denne såg kjempegod ut, trur den må prøvast.

    SvarSlett
  5. nam, nam, eg veit kor du bur!!! :O) Monica

    SvarSlett
  6. Den kaken der fristet bare sååå mye mer en du aner..... klem fra "kakemomse Babsy"

    SvarSlett