tirsdag 28. april 2009

Min første award:)

Eg har vore så heldig å fått min første award. Denne fekk eg av Snill pike. Tusen hjerteleg takk! Veldig kjekt med tilbakemeldingar og kommentarar.







Her utdypes det hva denne awarden gjelder:"Denne bloggen investerer i og tror på NÆRHET - nærhet i rom, tid og forhold.Disse bloggerne er usedvanlige, sjarmerende og søte, og formålet er å finne og å være venner.De er ikke opptatt av utmerkelser og selvhevdelse.Vårt håp er at når båndene på disse utmerkelser er kuttet, vil enda flere vennskap ha forplantet seg.Vær vennlig å gi litt ekstra oppmerksomhet til disse! Gi denne utmerkelsen til seks bloggere, som igjen må velge seg seks nye.Inkluder denne teksten i utmerkelsen deres."




Eg vil gje utmerkelsen til:





Kan godt henda disse har fått utmerkelsen før, men dette er bloggar som eg stort sett er innom kvar dag. Kjempe koselige alle saman! Stå på vidare;)

søndag 26. april 2009

UT PÅ TUR:)

I dag har heile familien og pappen min gått på tur i Handelandsdalen. Ein flott og passeleg lang søndagstur. Vi hadde med oss lunsj, som vi åt på Feto.

Jentene plukka stein og kosa seg ved elva:)

Her er det kjempe fint å bada om sommaren!




fredag 24. april 2009

Endeleg 7-år!!!!

I går vart Caroline endeleg 7år. Dette har ho gleda seg til lenge. Alltid stas å ha bursdag! Caroline var med å handla serviettar, fat og pynt. Ho visste godt kva ho ville ha:) Kjekt at vi fann noko nytt. Har til no vore mykje i rosa og prinsesser. Så denne gongen vart det turkis.












Her er bordet dekka og klart for 20 ungar:)


Muffins er alltid lika populært!

Her skal lysa blåsast.
Vi hadde ei kjekk feiring. Først barneselskap og familieselskap etterpå. Jubilanten la seg seint og var veldig fornøyd. Ho fekk masse fine presangar og ho vart rik;)
Eg har arbeidshelg denne helga, og skal snart på jobb. Vi får masse nye varer for tida, så eg gleder meg til å gå på jobb.
God helg:O)

lørdag 18. april 2009

TUSSALUS!

Tussalus er spennande. Her er det minstemann som blir introdusert for dei små krypa. Hadde jentene fått bestemma, hadde nok dei små flytta inn på romma deira;) Bilda er frå i går.



No er det helg og ro i heimen. Dei to yngste er komt i seng og dei to eldste er på leir med farmora si. Vi har leigd oss ein film og skal kroa oss ned i sofaen. God helg:O)

fredag 17. april 2009

Deilig ver:)

Då eg var på jobb på onsdag, måtte eg handla litt. -igjen.... :o) Har nok blitt nokon Kid-posar den siste tida ja. Det er så deilig ver fortida, og då blir ein full av energi og inspirasjon. Her er nokre bilder frå terrassen vår:














Denne akrylduken (voksduk) passar veldig godt til å ha på bordet ute.

onsdag 15. april 2009

Nydeleg dag!

For ein nydeleg dag! Håpar våren er kommen for å bli... Eg skal på jobb i ettermiddag, så no er det bare til å nye det mens eg kan. Vi storkosar oss ute på trampolinen, sklia og dissa.
Her er Helena i full aktivitet;)











søndag 12. april 2009

Spelekveld


I kveld har vi hatt spelekveld. Brettspel høyrer med i påsken. Vi fekk dei to minste i seng, og så var vi i full gang. Jentene synest det var ekstra kjekt at onkelen stakk innom og var med:)

onsdag 8. april 2009

Påskeegget er fylt opp!

Her er det stille i heimen for øyeblikket. Minstemann sover og jentene kosar seg med søskenbarn som er heime på påskeferie. Mannen i huset som eigentleg skulle ha pappaperm nokre dagar er på jobb:( Håpar han får ta da igjen etter helga.

No er helgehandelen unnagjordt og påskeegget fylt opp:) Nam nam..... No skal vi kosa oss!! Blir nok ikkje stille i huset etter dette:))





Hanen på bilde kjøpte eg på Kid(dagens reklame). Syns den var så fin. Passar godt både ute og inne. Er ikkje typisk påske, så kanskje han får stå der i sommar også.


Disse kjøpte eg ifjor. Trur det var på Fredheim Blomster på Husnes. Er ikkje så glad i gult, så disse passa meg fint:)
Då vil eg ønskje alle ein fin påske! Klem


lørdag 4. april 2009

Lørdag







Vi hadde håpa på ein tur til fjells idag, men den gang ei. Det er ikkje alltid så lett å planleggja. Mykje som skjer med mange ungar. Idag var det eldstejenta som skulle i bursdag til ei venninne. Men vi får håpa da blir fleire fine dagar i påsken. Vi har kosa oss ute i hagen. Det går i sykling og hopping på trampolinen. full fart:)
Bildene er ifrå vinter då vi var på tur til Lyhaug. Kjempe koseleg:O)

fredag 3. april 2009

Påskeferie


Våren er her og no er det påskeferie. Det skal bli godt. Håpar på fint ver og mange fine dagar ute. Det er kjekt å begynna litt i hagen. Har planta litt løkar i krukker og pynta på trappa.

Då var eg i gong!

Ja då var eg i gong:) Har til no vore ivrig bloggleser, og har idag oppretta min eigen blogg. Det er mange flotte blogger der ute. Blir verkeleg inspirert! Så får vi sjå kva eg får til. Gleder meg til å komma igong. Ha ei fine helg:)