fredag 30. oktober 2009

Haust på trappa

Då var det helg igjen:) No er ungane komt i seng, og vi har kroa oss ned i sofaen. Deilig å roa ned etter ei travel veka. Gledar meg til å nyta det fine haustveret ilag med familien i helga.

Her er bilder frå inngongspartiet vårt:
Takkar Hjem og lykke for tips til å få store bilder:)



















Ser no at bilda er blitt kutta. Nokon som veit kva eg skal gjera???
Ha ei fin helg alle saman!

Klem frå Karin



tirsdag 13. oktober 2009

Forandring fryder:)

No har soverommet vårt endeleg fått ny farge på veggene. Det var utruleg deileg å få vekk dei mørke veggene.

Her er før bilder:





Etter:)





Eg har brukt to fargar. På kneveggen mala eg sjøsand, og resten av veggene er eggekvit. Har planar om å mala tak og lister også. Men veit ikkje om eg skal bruka kvit panellakk eller kvitmaling i taket. Kva trur dåke blir finast?







Det aller kjekkaste med dette prosjektet var at eg klarte å overraska mannen i huset. Han og jentene var på tur til Nordfjord ei helg, og eg og minstemann (2år) brukte helga på å mala;)
Då dei kom heim skulle vi eta middag, og vi sette oss til bords. Men blei ikkje sittande lenge før det kjem i frå mannen "Du har maling i håret, har du mala soverommet?". "Eh, nei, har sikkert bare fått gråe hår av å vera uten dåke", prøver eg med;) Alle spring ifrå bordet og opp på rommet vårt.
Heldigvis falt overraskinga i smak:) (Skulle jo ikkje så mykje til for å bli betre då)




Ha ei fin veka!
Klem frå Karin





søndag 11. oktober 2009

EG VANT, EG VANT :)

Eg vant 2.premie i lotteriet til kvardagsgleder. Tusen takk Solveig! Kjempe kjekt.







Her er premien eg fekk:)







mmmm... eg har kosa meg med deilig te i ny kopp frå Green Gate. Denne har eg venta på "lenge". Kjøpte den på "Baronessa" på Husnes.
Ha ein fin søndag!