mandag 9. november 2009

Oreokaka på ein mandag...

I dag har barnehagen vore på besøk på brannstasjonen. Vi har fri, men fekk invitasjon til å vera med. Dette var kjempe stas. Ungane fekk sitja i brannbilen og spyla med ekta brannslange:) Til slutt fekk dei kvar sin caps der det stod: "Husets brannsjef"

I helga har eg gått å drømt om oreokaka:) Så i dag måtte eg googla oppskrifta, og kjøpa inn det som skulle til. Skikkeleg kaloribomba, men veeeeldig god:)



Her er oppskrifta for dei som har lyst å prøva:

Du treng:
450 g oreokjeks (nesten 3 pk)
100 g smelta smør
2 pk tine naturell ost eller 1 pk philadephia
2,5 dl melis
3 dl kremfløyte
2,5 ss sukker
1 pk toro sjokolademousse
3 dl mjølk til mousse

Slik gjer du:
(Kaka lages rett på fatet. Brukar bare kanten på forma)
  • 1/4 del av oreokjeksa brekkes og legges til side.
  • Ta resten av kjeksa i ein pose og knus dei.
  • Smelt smøret og bland kjeksa i . Hell det i forma. Trykk dette litt ned slik av bunnen blir fast og fin.
  • Bland kremost og melis slik at det blir ein luftig blanding. Pisk fløyten og sukkeret til krem.. Bruk halvparten av kremen og bland med ostekremmen. (bland forsiktig)
  • Smør ostemassen over oreokakebunnen og dryss over knuste bitar av den 1/4 delen av oreoane du la til side. Sett dette i 30 min i kjøleskapet.
  • Mix så sjokolademoussen, (følg pakningen) og smør den oppå osteblandinga. Sett den så i kjøleskapet igjen i 1 time.
  • Til slutt smør du resten av kremen oppå, og pyntar med sjokolade topping.

Ha ei fin veka!

mandag 2. november 2009

Fridag

I dag har dei to minste og eg fri. Faktisk godt med ein fridag etter helga;)
Eg har teke vaksine, og håpar eg har gjort det rette. Ikkje lett å bli klok på all informasjonen som kjem. Idag fekk vi beskjed om at vi mest sannsynleg ikkje trong ta ein gong til. Så vi får bare venta og sjå.






Ha ei fin veka!

Klem frå Karin