mandag 26. april 2010

Ein liten titt på vaskerommet.

Det er ikkje alltid like lett å halde orden på vaskerommet. Ungane slenger inn sekker og kle.
Fullt kaos til tider!! Nokon som kjenner seg igjen?


Men etter eg kjøpte skuffer til skittenkle er det blitt mykje enklare. Kjøpt på Ikea:) Har åtte stampar i to forskjellege storleikar. Heilt genialt. Att eg ikkje har gjordt det før... No sorterer vi etterkvart, og slepp å ha dei i haugar på golvet slik som før:)

Boksane til å ha vaskepulver i er kjøpt på kremmerhuset i Haugesund. Kjempe kjekk butikk med flott service!! Eg har merka den eine boksen med ein blom. Denne boksen inneheld pulver til farga kle.






Bare turkise kleklyper:) Mannen i huset lurte på om det var begynt å klikke for meg då eg stod og sorterte i kleklypene ;) He he
 Må jo prøva å gjera det litt fint på vaskerommet og. Er jo ikkje akkurat så kjekt å vaska kle, men nokon må gjera det:)



Ha ei fin veka!

søndag 11. april 2010

Tøffe jenta:)

I dag starta badesesongen! Iallefall for nokon. Eldstejenta fekk blod på tann då eg fortalde at eg hadde bada før 1. mai då eg var orangeruss :) Eg var tøffe då, men det er visst lenge sidan ;) Hadde ikkje klart det i dag.


Uff, det er kaldt.....




Klarte det til slutt!! Tøffa jento!




torsdag 8. april 2010

Høne pøne

Då var påsken over for denne gong, og hønene må inn på loftet:) Disse fire nye familiemedlemmene kom til verden rett før påske. Dei sjarmerte ungane, og minsteguten har leika masse med dei:) Dei var forresten veldig kjekke og lette å laga.







Ha ei fin helg!