tirsdag 13. oktober 2009

Forandring fryder:)

No har soverommet vårt endeleg fått ny farge på veggene. Det var utruleg deileg å få vekk dei mørke veggene.

Her er før bilder:





Etter:)





Eg har brukt to fargar. På kneveggen mala eg sjøsand, og resten av veggene er eggekvit. Har planar om å mala tak og lister også. Men veit ikkje om eg skal bruka kvit panellakk eller kvitmaling i taket. Kva trur dåke blir finast?







Det aller kjekkaste med dette prosjektet var at eg klarte å overraska mannen i huset. Han og jentene var på tur til Nordfjord ei helg, og eg og minstemann (2år) brukte helga på å mala;)
Då dei kom heim skulle vi eta middag, og vi sette oss til bords. Men blei ikkje sittande lenge før det kjem i frå mannen "Du har maling i håret, har du mala soverommet?". "Eh, nei, har sikkert bare fått gråe hår av å vera uten dåke", prøver eg med;) Alle spring ifrå bordet og opp på rommet vårt.
Heldigvis falt overraskinga i smak:) (Skulle jo ikkje så mykje til for å bli betre då)




Ha ei fin veka!
Klem frå Karin





5 kommentarer:

  1. Så flott det vart! Lyst og fint. Skulle eg malt taket, ville eg brukt kvit maling, men smak og behag:) Og ja, det er ho som har utstilling på Galleri Guddal :) Ha ei fin veke!

    SvarSlett
  2. Så koselig. Veldig fint! Klem Gunilla.

    SvarSlett
  3. Det vart eit heilt nytt rom med lyse veggar, eg trur eg ville hatt kvit maling i taket, men smaken er som baken.

    Masse fint "stæsj" du hadde pynta med òg.

    Fin veke til deg.

    SvarSlett
  4. Heia!!
    FOR en forandring!!
    Eg hadde (Me bare bittelitt tvil) malt taket kvitt i staden for å lys mala...
    Eg gikk for den "enkle" løysinga å kvitmala noke panel når me flytta inn i huset..

    Nå e de på ann igjen
    Med skikkelig kvitmaling (Letthet) å har tru på at det ska bli skikkelig fint nå :-)
    Men å mala tak... Huff for ett arbeid.. Lykke til!!!

    SvarSlett
  5. Hei! Så flink du har vært, og så artig med overraskelse som falt i smak, skulle bare mangle, det ble knallfint!!!! Klem, Marianne

    SvarSlett