søndag 24. januar 2010

Marius tunika

Lenge sidan eg har oppdatert bloggen. Det er dessverre travle tider:(
For tida er det sjuke ungar her i huset. Eg har omtrent vore heime heile veka. Det har godt i feber og så spy-sjuka. Minste jenta spydde igjen i dag, så mannen i huset må vera heime i morgon. Men, men det passar jo aldri å vera sjuk eller ha sjuke ungar, så vi får dela på å vera heima.

I desember byrja eg å strikka Marius tunika til minste jenta på 5år. Strikka i 8år str. Fann oppskrift og garn på Baronessa. Blei anbefalt å strikka i alpakka garn frå Sandnesgarn. Kjempe mjukt og deilig!
Dei to andre jentene mine ville også ha, så her er det bare å hengje i:)










Sidan jenta som skal ha tunikaen er sjuk, har eg lånt eit bilde frå Sandnesgarn.
Får ta bilde av godjenta vår seinare.

Ha ei fin veka:)

Karin



9 kommentarer:

  1. Hei Karin! Så kjekt å sjå deg her inne igjen!! Ikkje kjekt med sjuke barn, eller sjuk mann (!) He he. Men god betring til minstejenta iallefall! Klem frå Solveig

    SvarSlett
  2. Heia!!
    Flink du har våre :-)
    Fargen komme litt lite fram på bildet -er det rød og blå, som orginalen?? Eg har svart og rød genser. Nydelig!

    Marius mønsteret e bare så fint!! Va en sånn eller lignande eg hadde håpt på når mamma ville strikka kjole til Maria... Eg sa "kverdagskjole" Men neidå -mamma laga en (fin sjølvsagt) finkjole i lilla.. Som i tillegg var en str for stor... Komme nok kansje te nytte neste år??

    Nå har ho starta å strikka ny genser til meg i alpakka.. Kjekt med mor som er så flinke!!

    SvarSlett
  3. Heisann!

    Takk for da Solveig:)

    Eg har strikka den i brun, off white og beige. Syns det passa bedre til ho som har rødt hår:)

    Ja ho vokse nok i an Anne Tone;)

    SvarSlett
  4. Kjekt å sjå deg her inne igjen.

    Kjempefin tunika, kanskje eg må strikke ein te vetla, til neste vinter...

    God bedring i heimen.

    SvarSlett
  5. Stilig :-)
    Jo -e nå kansje enig med deg at brun, offwhite og beige passe bedre!

    Høre rykte om at dåkke ska te Bergen te helgå? God tur!

    SvarSlett
  6. Ligg ei utfordring til deg inne hos meg.

    SvarSlett
  7. Tunikaen er kjempe fin. Kan du hjelpe meg? Jeg har leitet etter mønster og det har vist seg å være vaqnskelig. hvor kan jeg finne mønsteret?
    Mvh Heidi A

    SvarSlett
  8. Så fint du strikker :) Skulle så gjerne ha hatt mønstret, på tunikaen. Har garnet. Hvis du gidder, har jeg blitt glad om du sendte det på mail til meg: silje_therese_ness@hotmail.com

    SvarSlett
  9. heisann, lurte på om de va mulig å få oppskrifta på dinna tunikaen. har ei mor som vil strikke til barne barnet sitt. hilsen arve slinning.
    arve.slinning@mimer.no

    SvarSlett