mandag 9. november 2009

Oreokaka på ein mandag...

I dag har barnehagen vore på besøk på brannstasjonen. Vi har fri, men fekk invitasjon til å vera med. Dette var kjempe stas. Ungane fekk sitja i brannbilen og spyla med ekta brannslange:) Til slutt fekk dei kvar sin caps der det stod: "Husets brannsjef"

I helga har eg gått å drømt om oreokaka:) Så i dag måtte eg googla oppskrifta, og kjøpa inn det som skulle til. Skikkeleg kaloribomba, men veeeeldig god:)



Her er oppskrifta for dei som har lyst å prøva:

Du treng:
450 g oreokjeks (nesten 3 pk)
100 g smelta smør
2 pk tine naturell ost eller 1 pk philadephia
2,5 dl melis
3 dl kremfløyte
2,5 ss sukker
1 pk toro sjokolademousse
3 dl mjølk til mousse

Slik gjer du:
(Kaka lages rett på fatet. Brukar bare kanten på forma)
  • 1/4 del av oreokjeksa brekkes og legges til side.
  • Ta resten av kjeksa i ein pose og knus dei.
  • Smelt smøret og bland kjeksa i . Hell det i forma. Trykk dette litt ned slik av bunnen blir fast og fin.
  • Bland kremost og melis slik at det blir ein luftig blanding. Pisk fløyten og sukkeret til krem.. Bruk halvparten av kremen og bland med ostekremmen. (bland forsiktig)
  • Smør ostemassen over oreokakebunnen og dryss over knuste bitar av den 1/4 delen av oreoane du la til side. Sett dette i 30 min i kjøleskapet.
  • Mix så sjokolademoussen, (følg pakningen) og smør den oppå osteblandinga. Sett den så i kjøleskapet igjen i 1 time.
  • Til slutt smør du resten av kremen oppå, og pyntar med sjokolade topping.

Ha ei fin veka!

mandag 2. november 2009

Fridag

I dag har dei to minste og eg fri. Faktisk godt med ein fridag etter helga;)
Eg har teke vaksine, og håpar eg har gjort det rette. Ikkje lett å bli klok på all informasjonen som kjem. Idag fekk vi beskjed om at vi mest sannsynleg ikkje trong ta ein gong til. Så vi får bare venta og sjå.






Ha ei fin veka!

Klem frå Karin

fredag 30. oktober 2009

Haust på trappa

Då var det helg igjen:) No er ungane komt i seng, og vi har kroa oss ned i sofaen. Deilig å roa ned etter ei travel veka. Gledar meg til å nyta det fine haustveret ilag med familien i helga.

Her er bilder frå inngongspartiet vårt:
Takkar Hjem og lykke for tips til å få store bilder:)



















Ser no at bilda er blitt kutta. Nokon som veit kva eg skal gjera???
Ha ei fin helg alle saman!

Klem frå Karin



tirsdag 13. oktober 2009

Forandring fryder:)

No har soverommet vårt endeleg fått ny farge på veggene. Det var utruleg deileg å få vekk dei mørke veggene.

Her er før bilder:





Etter:)





Eg har brukt to fargar. På kneveggen mala eg sjøsand, og resten av veggene er eggekvit. Har planar om å mala tak og lister også. Men veit ikkje om eg skal bruka kvit panellakk eller kvitmaling i taket. Kva trur dåke blir finast?







Det aller kjekkaste med dette prosjektet var at eg klarte å overraska mannen i huset. Han og jentene var på tur til Nordfjord ei helg, og eg og minstemann (2år) brukte helga på å mala;)
Då dei kom heim skulle vi eta middag, og vi sette oss til bords. Men blei ikkje sittande lenge før det kjem i frå mannen "Du har maling i håret, har du mala soverommet?". "Eh, nei, har sikkert bare fått gråe hår av å vera uten dåke", prøver eg med;) Alle spring ifrå bordet og opp på rommet vårt.
Heldigvis falt overraskinga i smak:) (Skulle jo ikkje så mykje til for å bli betre då)




Ha ei fin veka!
Klem frå Karin





søndag 11. oktober 2009

EG VANT, EG VANT :)

Eg vant 2.premie i lotteriet til kvardagsgleder. Tusen takk Solveig! Kjempe kjekt.







Her er premien eg fekk:)







mmmm... eg har kosa meg med deilig te i ny kopp frå Green Gate. Denne har eg venta på "lenge". Kjøpte den på "Baronessa" på Husnes.
Ha ein fin søndag!




lørdag 5. september 2009

KVIL I FRED BESSEN

Torsdag like før midnatt sovna kjære bessen inn.
Han vart 93 år gamal. Han fekk eit langt og rikt liv.

På bilde under sitter han ilag med ungane våre. Han var alltid så opptatt av kvar og ein av oss. Ungane sette seg rett i fanget hans når vi kom på besøk.
Vi savnar deg.








Eg ser at du er trøtt,
men eg kan ikkje gå
alle skrittå for deg.
Du må gå de sjøl,
men eg vil gå de med deg.
Eg vil gå de med deg.
*
Eg ser du har det vondt,
men eg kan ikkje grina
alle tårene for deg.
Du må grina de sjøl,
men eg vil grina med deg.
Eg vil grina med deg.
*
Eg ser du vil gi opp,
men eg kan ikkje leva
livet for deg.
Du må leva det sjøl,
men eg vil leva med deg.
Eg vil leva med deg.
*
Ser at du er redd,
men eg kan ikkje gå
i døden for deg.
Du må smaka han sjøl,
men eg gjer død til liv for deg.
Eg gjer død til liv for deg.
Eg gjer død til liv for deg.
Bjørn Eidsvåg

Kvil i fred kjære bessen/oldebessen.Glad i deg!



onsdag 2. september 2009

Eg er i live:)

Ja eg er i live;) Men kom liksom aldri igong med blogginga igjen etter ferien. Skal prøva å bli flinkare!


I helga var det full fart med jobbing. Varetelling heile søndagen. Då eg kom heim fekk eg denne fine buketten ifrå min kjære og ungane. Dei er så gode atte:) Tusen takk!



I dag er minstemann i huset 2 år. Kjempe kjekt. Skal feirast til helga. Det er utruleg kor fort tida går. Synest ikkje det er lenge sidan han vart fødd. No spring han rundt og er nesten ikkje nedpå. Gode guten vår:)

lørdag 6. juni 2009

Endeleg helg!

Då var det endeleg helg. Det har vore ei trevel veka med mykje jobbing. I kveld er eg aleina og skal sjå ein "jentefilm." Har snopa og skal bare kosa meg når ungane har lagt seg.

Her er bilder frå toalettet vårt i 1.etasje. Her skulle vi gjerne hatt plass til ein dysj, men som dåke ser er det altfor lite:( Med mange barn i huset blir behovet for eit bad til, større og større. Ser for meg tida med tre tenåringsjenter som skal på badet samtidig! Godt det er leeeenge til;)






















Ha ei fortsatt fine helg!
Klem frå Karin


onsdag 27. mai 2009

Gangen vår!

Det er alltid kjekt å pussa opp. Vi bygde hus midt i overgangen frå mørke fargar til lyse fargar. Eg skulle iallefall ikkje ha da heilt lyst. Då ville det jo likna på et sjukehus.... ;) Kan sei da sånn at eg har skifta meining og stil etter det. Vi har snart pussa opp alle rom etter at vi flytta inn i nytt hus i 2000.



Her er litt av gangen vår. Der har vi malt, skifta golv og dører. Vi har også malt og beisa trappa opp til andre etasje. Får ta at bilde av den seinare. Det gjennstår litt flikking på den. (Forbaska dårleg maskeringsteip.) Har ikkje bilder av korleis det såg ut før, men det blei stor forandring:) Veldig fornøyd! Når vi har flikka oss igjennom trappa, står soverommet vårt for tur. Har veldig lyst å begynna med ein gong, men må gjera oss ferdig med ein ting om gongen.





Her skal eg henga opp fleire bilder. Har kjøpt rammene! Vi var til fotograf for eit halvt år sidan og tok nye familiebilder. Då var minstemann 1år. Men ting tar av og til litt tid;)












mandag 25. mai 2009

Kosedag ute:)

I dag kikka endeleg sola fram igjen, og vi har kosa oss masse ute. Då jentene kom heim ifrå skulen tok eg med meg steikjetakka ut og steikte lappar. To nabojenter kom på besøk også. Koseleg med besøk:) Lappane blei ete opp etterkvart som eg steikte;)
Men det blei dårleg med middag. Mannen kom heim til oppvask og tomme panner, og eg for på jobb.


Her er inngongspartiet vårt. (Ser jo no at eg skulle ha vaska trappa! Hehe! Sånn er det med sandkasse og ungar.)








Fekk endeleg brukt dei nye putene!

Ha ei fine veka!
Helsing Karin


tirsdag 19. mai 2009

FRIDAG :o)

Hei!

I dag har eg hatt fri. Eg har bare slappa av:) Da gjorde veldig godt etter ei travel helg. Synes dagane og vekene går i ett fortida:(
I kveld er det foreldremøte for 1.klasse, og så er det klubb med jentene. Ser alltid fram til desse klubbkveldane. Veldig kjekt:)





Har kjøpt nye puter til utestolane og til ein benk ved inngongspartiet. Bare så synd at det regnar og vi ikkje får brukt da. Men håpar på vi får ein lika fin sommar som ifjor;)





Uteduk som passar til putene!

Ha ein fine kveld!
Klem Karin





søndag 10. mai 2009

På trappa

Måtte pynte på trappa med nokre korger der også... :)















lørdag 9. mai 2009

Ny korgserie på Kid

Her er noko av den nye korgserien "Basket", som vi har fått inn på Kid.















fredag 8. mai 2009

Kvit spraymaling gjer susen:)

Disse korgene hadde sett sine beste dagar. Dei har hengt ute i heile vinter med lyng. Det har tatt på;) Blei inspirert av Rodihob, og måtte fram med spraymaling:)



Her har eg teke et strøk.
Men det måtte tre strøk til før det blei bra. Kunne sikkert hatt fire også, men då var eg tom for maling...


Her er resultatet. Blei mykje finare no syns eg:)
Ha ei fine helg!