onsdag 27. mai 2009

Gangen vår!

Det er alltid kjekt å pussa opp. Vi bygde hus midt i overgangen frå mørke fargar til lyse fargar. Eg skulle iallefall ikkje ha da heilt lyst. Då ville det jo likna på et sjukehus.... ;) Kan sei da sånn at eg har skifta meining og stil etter det. Vi har snart pussa opp alle rom etter at vi flytta inn i nytt hus i 2000.



Her er litt av gangen vår. Der har vi malt, skifta golv og dører. Vi har også malt og beisa trappa opp til andre etasje. Får ta at bilde av den seinare. Det gjennstår litt flikking på den. (Forbaska dårleg maskeringsteip.) Har ikkje bilder av korleis det såg ut før, men det blei stor forandring:) Veldig fornøyd! Når vi har flikka oss igjennom trappa, står soverommet vårt for tur. Har veldig lyst å begynna med ein gong, men må gjera oss ferdig med ein ting om gongen.





Her skal eg henga opp fleire bilder. Har kjøpt rammene! Vi var til fotograf for eit halvt år sidan og tok nye familiebilder. Då var minstemann 1år. Men ting tar av og til litt tid;)












mandag 25. mai 2009

Kosedag ute:)

I dag kikka endeleg sola fram igjen, og vi har kosa oss masse ute. Då jentene kom heim ifrå skulen tok eg med meg steikjetakka ut og steikte lappar. To nabojenter kom på besøk også. Koseleg med besøk:) Lappane blei ete opp etterkvart som eg steikte;)
Men det blei dårleg med middag. Mannen kom heim til oppvask og tomme panner, og eg for på jobb.


Her er inngongspartiet vårt. (Ser jo no at eg skulle ha vaska trappa! Hehe! Sånn er det med sandkasse og ungar.)








Fekk endeleg brukt dei nye putene!

Ha ei fine veka!
Helsing Karin


tirsdag 19. mai 2009

FRIDAG :o)

Hei!

I dag har eg hatt fri. Eg har bare slappa av:) Da gjorde veldig godt etter ei travel helg. Synes dagane og vekene går i ett fortida:(
I kveld er det foreldremøte for 1.klasse, og så er det klubb med jentene. Ser alltid fram til desse klubbkveldane. Veldig kjekt:)





Har kjøpt nye puter til utestolane og til ein benk ved inngongspartiet. Bare så synd at det regnar og vi ikkje får brukt da. Men håpar på vi får ein lika fin sommar som ifjor;)





Uteduk som passar til putene!

Ha ein fine kveld!
Klem Karin





søndag 10. mai 2009

På trappa

Måtte pynte på trappa med nokre korger der også... :)















lørdag 9. mai 2009

Ny korgserie på Kid

Her er noko av den nye korgserien "Basket", som vi har fått inn på Kid.















fredag 8. mai 2009

Kvit spraymaling gjer susen:)

Disse korgene hadde sett sine beste dagar. Dei har hengt ute i heile vinter med lyng. Det har tatt på;) Blei inspirert av Rodihob, og måtte fram med spraymaling:)



Her har eg teke et strøk.
Men det måtte tre strøk til før det blei bra. Kunne sikkert hatt fire også, men då var eg tom for maling...


Her er resultatet. Blei mykje finare no syns eg:)
Ha ei fine helg!



torsdag 7. mai 2009

Bloggtørke

Det har vore bloggtørke på bloggen min;( Tida har ikkje strukke til i det siste. Men håpar å komma sterkare tilbake.

Vi har fått inn masse fint på Kid no. Butikken bugnar av "uteting". Eg hadde meg ein handletur igår. Skal visa bilder seinare. No må bare godveret komma slik at vi får kosa oss ute igjen.



Dei siste dagane har minstemann vore sjuk. Han har feber og må holda seg inne. Her står han og ser etterlengta ut på dadda. Har så lyst å vera med....



Ellers går dagane i vanleg husarbeid, og å hjelpa ungane med lekser. Kunne godt tenkt meg ei vaskehjelp:) Men kjenner eg meg sjølv rett, hadde eg nok vaska før ho kom;)